Laurdag 8.juni 2024 er det klart for Sondre`s styrkeprøve for andre gong. Nytt i år er at det er for alle aldrar.
![](https://www.morgedal.com/wp-content/uploads/2024/05/Sondres-styrkeprove-bla-og-hvit-logo-995x1024.jpg)
Me fortsett suksessen frå i fjor, det blir Sondre`s styrkeprøve i år og .
Sondre Norheim elska å teste seg og finne nye utfordringar i terrenget. Nå kan du teste deg sjølv, datoen er 8.juni to dagar før Sondre sin bursdag.
Sondre`s styrkeprøve er ein blanding av hinderløype, balanse, løping og testing av ulike element. Det blir både åling, klatring og kanskje litt søyle.
I år blir det mogleg for alle å delta uansett alder og kjønn.
Er du over 12 år blir det både løping og sykling i tillegg til ulike øvingar.
Arrangementet blir arrangera i sentrum av Morgedal, start og mål er ved gapahuken i Hotellbakken. Parkering er ved bui eller på parkeringa ved Norsk Skieventyr.
Sondre`s styrkeprøve har løyper som er tilpassa aldersgruppene. Aldersgruppe 12 – 15 har ca. 2 km med sykkel og 1 km med løping. For dei som er over 16 år blir det ca. 3 km med sykkel (terreng) og 1,5 km med løping.
3 – 6 år ( må ha hjelp av voksen)
7 – 11 år
12 – 13 år
14 – 15 år
16 år og eldre
Alle får premie og i tillegg er det trekkepremie på startnummer.
Påmeldingsavgift
3- 11 år – kr. 50
12 – 15 år – kr. 100
16 år og eldre – kr 200
Gratis for medlemmer av Morgedal IL.
Påmelding på førehand til tarjei@morgedal.com eller på dagen fram til kl. 11.00.
Start kl. 12.00.
Løypekart (kan bli endringar)
12 – 15 år
![](https://www.morgedal.com/wp-content/uploads/2024/05/Kartskisse-12-15-ar.png)
16 år og eldre
![](https://www.morgedal.com/wp-content/uploads/2024/05/Kartskisse-16-ar-og-eldre.png)
Takk til våre sponsorar
![](https://www.morgedal.com/wp-content/uploads/2024/05/Sponsorar-2024-1024x724.jpg)
![](https://www.morgedal.com/wp-content/uploads/2024/05/Sondres-styrkeprove-bla-og-hvit-logo-724x1024.png)